tirsdag 17. januar 2012

Konsert i høve ski-NM på Voss

25. - 29. januar er det ski-NM på Voss. I denne samanheng er det sett opp eit stort kulturprogram  i bygda, til glede for fastbuande og tilreisande. Mellom anna vil det kvar kveld vere open kyrkje med konsert kl 20 i Vangskyrkja.

Evanger Musikklag held den fyrste av desse konsertane, onsdag 25. januar. Me har med oss kvedaren Ellen Marie Selland Geithung, i tillegg til solistar frå eigne rekkjer. Programmet femner vidt, frå folkemusikk til jazz, og med klassiske musikkstykker i ny drakt. Dirigent er Brynjulf Styve

Det vert fritt tilgjenge, med høve til å gje ei gåve ved utgangen.

Velkomen!

tirsdag 6. desember 2011

Novemberkonsert i Dalehallen

Sundag 13. november var Evanger Musikklag invitert til Dale, der me hadde konsert med Dale Musikkforening i Dalehallen. Musikkforeninga deltok i konkurransen Hordaamatøren i oktober, og på konserten fekk me høyre delar av vinnarprogrammet deira frå konkurransen, under leiing av Uldis Plebis.

Foto: Åslaug Styve Mjånes

Evanger Musikklag hadde også denne gongen med seg dei tre aspirantane i starten av konserten, noko som gjev ei god forsterking til kornettrekkja. Me gler oss til kornett-jentene er med for fullt i korpset!
Solistar i vår avdeling var som på utekonserten tidlegare i haust: Vemund Styve på horn, og Ståle Waring Styve på slagverk. I tillegg spela Jan Ove Mjånes variasjonssoloen "Grandfathers Clock" på euphonium. Alt i alt ein kjekk konsert, under leiing av Brynjulf Styve.
Foto: Orlaug Styve
 Med Lars Flostrand som konferansier var stemninga høg i Dalehallen - tusen takk for oss!

søndag 13. november 2011

Rapport frå Eidfjord!

Fredag 4. november
Me var ein liten gjeng som skulle på regionkorps-samling i Eidfjord. Det var god stemning i bilen. Me kom fram til skulen der me skulle sova og fant rom me skulle bu på. Alle fire sov på eit lite grupperom. Det gjekk heilt fint, men det blei veldig rotete. Me hadde ei fellesøving på fredagen. Då fekk me utdelt songane me skulle spela, det var Poker Face, Sway, The Spirit Endures og The Lord Of The Dance.


laurdagen hadde me gruppe- og fellesøvingar. Det var hard jobbing med speling heile dagen. Etter middag på hotellet fekk me bada, det var godt å sitte i badstova etterpå. Utpå kvelden hadde Twang gang konsert, då fekk trommisen vår Ståle vera med å spela. Det var kjempe kjekt!





Søndag 6. november
Det var litt fellesøving før konserten. Og så var klokka 2 og det var konsert. Junior korpset starta og så var det vår tur. Konserten var vellykka og me var fornøgde med helga.





PS: Dirigenten vår, Uldis Plebis, var kjempe kjekk!

Vemund, Torolv, Ståle og Ingrid

søndag 6. november 2011

Konsert på Dale 13. nov.

Sundag 13. november er Evanger Musikklag invitert til Dale, der me spelar konsert i Dalehallen saman med Dale Musikkforening. Konserten startar  kl 18, og det vert kaffi og kaker i pausen. Musikklaget har med seg 3 flotte solistar, 3 flotte aspirantar, og presenterer eit program som spenner frå pop/rock, via norsk bruremarsj, til   klassisk variasjonssolo.

Me sjåast på Dale!

søndag 2. oktober 2011

Unge solistar på Smalahoveslepp

Den fyrste helga i oktober er det duka for smalahoveslepp på Voss. I år passa det fint inn som sesongens fyrste prosjekt for Evanger Musikklag. 

Konserten vart helde midt i Vangsgata, akurat i det skodda sprakk opp for glitrande haustsol, og i fokus stod våre unge musikantar. Rekruttering er alfa & omega for alle korps, og i ei lita bygd som Evanger er me særleg avhengige av at dei unge også finn glede i musikken. Me er så heldige å ha 5 flinke ungdomar med oss på fast basis, og denne gongen stod to av dei fram som flotte solistar! 

Men fyrst i programmet hadde me med oss dei tre aspirantane våre for fyrste gong. Dei tre jentene på kornett har spelt i 1,5 - 2 år, og klarte seg med glans i konsert-debuten!


11 år gamle Vemund har spelt althorn i musikklaget i 3 år, og framførte den gamle klassikaren "Feelings". Trass sin unge alder gjorde Vemund soloen med stor tryggheit og musikalitet, og me kan berre gle oss til å høyre han vidare!



13 år gamle Ståle har vore vår faste slagverkar i fleire år no - ein luksus me har måtta klare oss utan  i lange periodar tidlegare. Det er ikkje alle konsertar og program som let slagverkaren komme til sin rett, men denne gongen hadde Ståle ei svært viktig rolle. Aller viktigast i swing-låta "Music for drums", der midtpartiet er ein einaste lang tromme-solo. Den gjorde Ståle med glans!

 

Alt i alt kan me seie oss nøgde med programframføringa i det yrande folkelivet på Vangen denne oktoberlaurdagen,  der både dei unge solistane og dei i korpset gjorde ein heiderleg innsats under leiing av dirigent Brynjulf Styve.

Neste konsert vert på Dale 13. november, saman med Dale Musikkforening.

torsdag 22. september 2011

Haustsesongen er godt i gang

Så er hausten allereie godt i gang, og sjølv om det har vore  livlaust her på heimesida sidan stor-konserten vår i mars, så har ikkje musikklaget vore like mykje nede for telling. På vårparten var det dei "faste postane", som nasjonaldag og Evangerlaurdag. Sistnevnte føregjekk i Gato på Evanger laurdag 18. juni, og det vår juniorane våre som redda dagen. Under leiing av Jørn Styve framførte dei 5 aspirantane saman med dei yngste i korpset eit flott program med musikk henta frå både film, musical og sirkus, til stor gleda for publikum som flokka seg rundt.


Men no er det altså haustsesongen som gjeld. Fyrste konsert for laget er på Smalahovesleppet på Voss, laurdag 1. oktober. Me skal spele midt i Vangsgata på formiddagen, og har eit program med fleire unge solistar.

Seinare i haust vert det konsert med Dale Musikkforening. Det føregår på Dale sundag 13. november.

Desember inneheld òg nokre faste postar; då skal jolegrana tennast både på Evanger og Bolstad, og som alltid avrundar me haustsesongen med jolekonsert i Evanger kyrkje 4. sundag i advent, og speling i kyrkja jolaftan.

Skulle du ha lyst til å vere med oss i haust og framover, så ta kontakt!

Elles: Velkomen til konsert(-ar) hausten 2011!