torsdag 18. november 2010

Haustkonsert i Vassvøretun

Sundag 14. november heldt Evanger Musikklag haustkonsert i Vassvøretun på Evanger. Inviterte gjester var Voss Musikklag, som sjølvsagt fekk opne konserten.

Saman med dirigent Erlend Furuset Jenssen presenterte vossingane eit flott program, som dei fekk ein solid fjerdeplass med i korpskonkurransen Hordaamatøren for nokre veker sidan.


Etter pausen med kaffi og kaker var det EML sin tur å entre scena med eit variert program.
 Det var med stoltheit dirigent Brynjulf Styve kunne presentere 4 unge solistar i kvartett framme på scenekanten, og juniorane imponerte med flott spel i "Berceuse" av Ole Olsen, arrangert av Tom  Brevik! Den femte junioren hadde òg solo - på slagverk - når me kom til dei meir rocka delane av programmet.


Etterpå var det ein litt eldre solist sin tur, då Jan Ove Mjånes spela "Jean Elizabeth" på sin euphonium, akkompagnert av korpset.
 Trass litt skrinnt publikum var det ei fin ettermiddagsstund i Vassvøretun, med mykje vakre tonar for dei som hadde funne vegen.


Neste post på programmet er jolekonserten i Evanger Kyrkje 4. sundag i advent.

Eit fyrste innlegg

Velkomen til den nye heimesida til Evanger Musikklag!

Her finn du ulik informasjon om laget og aktivitetane våre.