lørdag 11. desember 2010

Jolekonsert 19. desember

Neste sundag kl 16.00 er det tid for den tradisjonelle jolekonserten i Evanger kyrkje,
der Evanger Musikklag med dirigent Brynjulf Styve i spissen, har regien.

Gjester dette året er songaren Karen Fadnes Brattebø og mannskoret Laudamus frå Kvam, i tillegg til at vår eigen Børge Styve framfører eit musikkstykke på trompet saman med organist Frode Vik. Andakta i konserten vert ved sokneprest Ivar Molde. Det er fritt tilgjenge på konserten, og kollekt ved utgangen.


Vel møtt til eit påfyll av jolestemning i travel førjolstid!