tirsdag 6. desember 2011

Novemberkonsert i Dalehallen

Sundag 13. november var Evanger Musikklag invitert til Dale, der me hadde konsert med Dale Musikkforening i Dalehallen. Musikkforeninga deltok i konkurransen Hordaamatøren i oktober, og på konserten fekk me høyre delar av vinnarprogrammet deira frå konkurransen, under leiing av Uldis Plebis.

Foto: Åslaug Styve Mjånes

Evanger Musikklag hadde også denne gongen med seg dei tre aspirantane i starten av konserten, noko som gjev ei god forsterking til kornettrekkja. Me gler oss til kornett-jentene er med for fullt i korpset!
Solistar i vår avdeling var som på utekonserten tidlegare i haust: Vemund Styve på horn, og Ståle Waring Styve på slagverk. I tillegg spela Jan Ove Mjånes variasjonssoloen "Grandfathers Clock" på euphonium. Alt i alt ein kjekk konsert, under leiing av Brynjulf Styve.
Foto: Orlaug Styve
 Med Lars Flostrand som konferansier var stemninga høg i Dalehallen - tusen takk for oss!

søndag 13. november 2011

Rapport frå Eidfjord!

Fredag 4. november
Me var ein liten gjeng som skulle på regionkorps-samling i Eidfjord. Det var god stemning i bilen. Me kom fram til skulen der me skulle sova og fant rom me skulle bu på. Alle fire sov på eit lite grupperom. Det gjekk heilt fint, men det blei veldig rotete. Me hadde ei fellesøving på fredagen. Då fekk me utdelt songane me skulle spela, det var Poker Face, Sway, The Spirit Endures og The Lord Of The Dance.


laurdagen hadde me gruppe- og fellesøvingar. Det var hard jobbing med speling heile dagen. Etter middag på hotellet fekk me bada, det var godt å sitte i badstova etterpå. Utpå kvelden hadde Twang gang konsert, då fekk trommisen vår Ståle vera med å spela. Det var kjempe kjekt!





Søndag 6. november
Det var litt fellesøving før konserten. Og så var klokka 2 og det var konsert. Junior korpset starta og så var det vår tur. Konserten var vellykka og me var fornøgde med helga.





PS: Dirigenten vår, Uldis Plebis, var kjempe kjekk!

Vemund, Torolv, Ståle og Ingrid

søndag 6. november 2011

Konsert på Dale 13. nov.

Sundag 13. november er Evanger Musikklag invitert til Dale, der me spelar konsert i Dalehallen saman med Dale Musikkforening. Konserten startar  kl 18, og det vert kaffi og kaker i pausen. Musikklaget har med seg 3 flotte solistar, 3 flotte aspirantar, og presenterer eit program som spenner frå pop/rock, via norsk bruremarsj, til   klassisk variasjonssolo.

Me sjåast på Dale!

søndag 2. oktober 2011

Unge solistar på Smalahoveslepp

Den fyrste helga i oktober er det duka for smalahoveslepp på Voss. I år passa det fint inn som sesongens fyrste prosjekt for Evanger Musikklag. 

Konserten vart helde midt i Vangsgata, akurat i det skodda sprakk opp for glitrande haustsol, og i fokus stod våre unge musikantar. Rekruttering er alfa & omega for alle korps, og i ei lita bygd som Evanger er me særleg avhengige av at dei unge også finn glede i musikken. Me er så heldige å ha 5 flinke ungdomar med oss på fast basis, og denne gongen stod to av dei fram som flotte solistar! 

Men fyrst i programmet hadde me med oss dei tre aspirantane våre for fyrste gong. Dei tre jentene på kornett har spelt i 1,5 - 2 år, og klarte seg med glans i konsert-debuten!


11 år gamle Vemund har spelt althorn i musikklaget i 3 år, og framførte den gamle klassikaren "Feelings". Trass sin unge alder gjorde Vemund soloen med stor tryggheit og musikalitet, og me kan berre gle oss til å høyre han vidare!



13 år gamle Ståle har vore vår faste slagverkar i fleire år no - ein luksus me har måtta klare oss utan  i lange periodar tidlegare. Det er ikkje alle konsertar og program som let slagverkaren komme til sin rett, men denne gongen hadde Ståle ei svært viktig rolle. Aller viktigast i swing-låta "Music for drums", der midtpartiet er ein einaste lang tromme-solo. Den gjorde Ståle med glans!

 

Alt i alt kan me seie oss nøgde med programframføringa i det yrande folkelivet på Vangen denne oktoberlaurdagen,  der både dei unge solistane og dei i korpset gjorde ein heiderleg innsats under leiing av dirigent Brynjulf Styve.

Neste konsert vert på Dale 13. november, saman med Dale Musikkforening.

torsdag 22. september 2011

Haustsesongen er godt i gang

Så er hausten allereie godt i gang, og sjølv om det har vore  livlaust her på heimesida sidan stor-konserten vår i mars, så har ikkje musikklaget vore like mykje nede for telling. På vårparten var det dei "faste postane", som nasjonaldag og Evangerlaurdag. Sistnevnte føregjekk i Gato på Evanger laurdag 18. juni, og det vår juniorane våre som redda dagen. Under leiing av Jørn Styve framførte dei 5 aspirantane saman med dei yngste i korpset eit flott program med musikk henta frå både film, musical og sirkus, til stor gleda for publikum som flokka seg rundt.


Men no er det altså haustsesongen som gjeld. Fyrste konsert for laget er på Smalahovesleppet på Voss, laurdag 1. oktober. Me skal spele midt i Vangsgata på formiddagen, og har eit program med fleire unge solistar.

Seinare i haust vert det konsert med Dale Musikkforening. Det føregår på Dale sundag 13. november.

Desember inneheld òg nokre faste postar; då skal jolegrana tennast både på Evanger og Bolstad, og som alltid avrundar me haustsesongen med jolekonsert i Evanger kyrkje 4. sundag i advent, og speling i kyrkja jolaftan.

Skulle du ha lyst til å vere med oss i haust og framover, så ta kontakt!

Elles: Velkomen til konsert(-ar) hausten 2011!

søndag 10. april 2011

Konserten med Gisle Børge Styve Trio

Betre seint enn aldri, heiter det seg. Og her kjem omsider litt bilete frå konserten me hadde med Gisle Børge Styve Trio i kulturhuset på Voss 5. mars. Det vart ein aldeles strålande kveld, med trio i storform og musikklag som klarte seg godt under leiing av Svein Henrik Giske. Gisle Børge Styve saman med Helge Harstad på bass og Per Willy Aaserud på trompet sjarmerte publikum i senk med eige materiale, og ikkje minst herlege tolkingar av andre sine låtar. Unge og litt eldre musikantar storkoste seg i samspel med desse dyktige karane, og i den ca halvfulle Kultursalen var stemninga upåklageleg! (alle foto: Lene K. Pettersen)








søndag 20. februar 2011

Billettar i salg no!

Det er knappe to veker til konserten med Evanger Musikklag og Gisle Børge Styve Trio. Førebuingane nærmar seg sitt høgdepunkt, og me gler oss til ein kveld i Kultursalen fylt av musikkglede, samspel og svingande låtar. Laurdag 5. mars kl 19.00 brakar det laus!

Gisle Børge Styve er kjend for dei fleste, etter 11 sesongar som fast huspianist i ”Beat for Beat” på NRK1. Med seg har han bassist Helge Harstad og trompetar Per Willy Aaserud, og desse tre har utgjort ein trio sidan 1998. (Trioen var på Voss i 2006. Også den gongen spela dei saman med Evanger Musikklag, den gong i Vangskyrkja.) I 2002 kom plata ”Styves ark”, og i nær framtid vert det ei ny utgjeving for trioen. G.B.S. Trio har gjennom åra utvikla eit særs underhaldande, velklingane, humoristisk og vakkert musikalsk uttrykk, der gleda i samspelet står i sentrum. Ei glede som raskt smittar over på publikum!


Foto: Liv Ekse, frå konserten
"På swingande Stilett" i Dalehallen, mars 2010

 Evanger Musikklag, med våre medlemer frå 8 til 70 år, vil òg la oss smitte av musikkgleda. Laget vil saman med prosjektdirigent Svein Henrik Giske presentere eit program med swingande låtar frå inn- og utland, tilrettelagd for brassband og solistar av norske arrangørar. Samspel mellom musikklag og trio er òg ein sjølvsagt ingrediens i konserten.





Foto: Liv Ekse, frå konserten
"På swingande Stilett" i Dalehallen, mars 2010

Billettane kostar kr 200 for vaksne og kr 100 for born. Dei er å få kjøpt i Voss kulturhus, og på www.vosskulturhus.no.
Me er svært takksame for at konserten vert støtta av:

onsdag 5. januar 2011

Nytt år, nye planar!

Me står i startgropa for eit nytt år og ein ny vårsesong, og vil fyrst av alt ynskje medlemer, publikum og gode støttespelarar eit retteleg godt nytt år!

Planen for vårsesongen er klar, og me har eit stort og fleire mindre prosjekt framfor oss denne våren;

Fyrst ut er konsert i Kultursalen, i det splitter nye kulturhuset på Voss. Det skjer laurdag 5. mars, og me er svært stolte av at våre samarbeidspartnarar til konserten er Gisle Børge Styve Trio!

Berre to veker etter stor-konserten på Voss skipar EML til den tradisjonelle vår-marknaden i Vassvøretun sundag 27. mars. Musikklaget og aspirantane spelar.
Onsdag 13. april skal EML vere med på ei påskesamling i Bolstadøyri bedehus, i regi av Kyrkja i Voss.
Etter påske er det ikkje mange vekene til nasjonaldagen, og sesongens siste prosjekt vert ein lett konsert i høve Evangerlaurdag. Dato er ikkje fastsett, men vanlegvis vert denne skipa til andre laurdag i juni.

Før det vert sommarferie satsar me på ei avslutning for medlemene og familiane, etter planen onsdag 15. juni.

Me håpar publikum i og utanfor bygda vil fortsetje å støtte oss på same gode måte som før, og skulle det sitje ein einsam messingblåsar der ute ein stad, så er det berre å ta kontakt, og bli med på øving i bedehuset på Evanger onsdagar kl 19.00!