torsdag 22. september 2011

Haustsesongen er godt i gang

Så er hausten allereie godt i gang, og sjølv om det har vore  livlaust her på heimesida sidan stor-konserten vår i mars, så har ikkje musikklaget vore like mykje nede for telling. På vårparten var det dei "faste postane", som nasjonaldag og Evangerlaurdag. Sistnevnte føregjekk i Gato på Evanger laurdag 18. juni, og det vår juniorane våre som redda dagen. Under leiing av Jørn Styve framførte dei 5 aspirantane saman med dei yngste i korpset eit flott program med musikk henta frå både film, musical og sirkus, til stor gleda for publikum som flokka seg rundt.


Men no er det altså haustsesongen som gjeld. Fyrste konsert for laget er på Smalahovesleppet på Voss, laurdag 1. oktober. Me skal spele midt i Vangsgata på formiddagen, og har eit program med fleire unge solistar.

Seinare i haust vert det konsert med Dale Musikkforening. Det føregår på Dale sundag 13. november.

Desember inneheld òg nokre faste postar; då skal jolegrana tennast både på Evanger og Bolstad, og som alltid avrundar me haustsesongen med jolekonsert i Evanger kyrkje 4. sundag i advent, og speling i kyrkja jolaftan.

Skulle du ha lyst til å vere med oss i haust og framover, så ta kontakt!

Elles: Velkomen til konsert(-ar) hausten 2011!