søndag 2. oktober 2011

Unge solistar på Smalahoveslepp

Den fyrste helga i oktober er det duka for smalahoveslepp på Voss. I år passa det fint inn som sesongens fyrste prosjekt for Evanger Musikklag. 

Konserten vart helde midt i Vangsgata, akurat i det skodda sprakk opp for glitrande haustsol, og i fokus stod våre unge musikantar. Rekruttering er alfa & omega for alle korps, og i ei lita bygd som Evanger er me særleg avhengige av at dei unge også finn glede i musikken. Me er så heldige å ha 5 flinke ungdomar med oss på fast basis, og denne gongen stod to av dei fram som flotte solistar! 

Men fyrst i programmet hadde me med oss dei tre aspirantane våre for fyrste gong. Dei tre jentene på kornett har spelt i 1,5 - 2 år, og klarte seg med glans i konsert-debuten!


11 år gamle Vemund har spelt althorn i musikklaget i 3 år, og framførte den gamle klassikaren "Feelings". Trass sin unge alder gjorde Vemund soloen med stor tryggheit og musikalitet, og me kan berre gle oss til å høyre han vidare!



13 år gamle Ståle har vore vår faste slagverkar i fleire år no - ein luksus me har måtta klare oss utan  i lange periodar tidlegare. Det er ikkje alle konsertar og program som let slagverkaren komme til sin rett, men denne gongen hadde Ståle ei svært viktig rolle. Aller viktigast i swing-låta "Music for drums", der midtpartiet er ein einaste lang tromme-solo. Den gjorde Ståle med glans!

 

Alt i alt kan me seie oss nøgde med programframføringa i det yrande folkelivet på Vangen denne oktoberlaurdagen,  der både dei unge solistane og dei i korpset gjorde ein heiderleg innsats under leiing av dirigent Brynjulf Styve.

Neste konsert vert på Dale 13. november, saman med Dale Musikkforening.