onsdag 21. mars 2012

2. plass i Hordablæsten!!

Den flotte juniorgruppa vår debuterte sist helg i Hordablæsten. Dei 6 unge stillte i klasse 3 for ensembler. Klasse 3 er for ungdom frå 16 år og nedover - våre gruppe er frå 11 - 14 år. Av 20 deltakande ensemble kom våre unge håpefulle på ein fantastisk 2. plass! I dommarkommentarane var det mykje ros og gode ord, saman med eit par tips om korleis gruppa kunne utvikle seg vidare.
Me er kjempestolte over dei flotte ungdomane våre, og deira engasjerte og tålmodige instruktør, Jørn Styve. Med slike rekruttar kan me gå framtida ljost i møte!

Juniorgruppa, f.v.: Torolv, Siri, Ingrid, Ståle, Mattias, Vemund.
Foto: Turid Sundt.
Gratulerer!

onsdag 14. mars 2012

Hordablæsten

Komande helg vert Hordablæsten arrangert i Grieghallen. For fyrste gong stiller dei fem flotte ungdomane våre i konkurransen, saman med ein ekstra kornettist, og under leiing av Jørn Styve.
Me ynskjer dei masse lukke til, og ser fram til å høyre programmet deira på marknaden i Vassvøretun fyrstkomande sundag kl 15!

Dei tre aspirantane skal dessutan vere med på seminar og festkonsert med regjerande norgesmeister for brass band, Eikanger Bjørsvik Musikklag, og Jan Magne Førde. Me håpar det vert kjekt og inspirerande for våre håpefulle!

Med andre ord, ei aktiv helg for EML!