tirsdag 4. september 2012

Ny sesong!

Ein ny sesong står for døra i Evanger Musikklag. Me startar opp øvingane onsdag 5. september kl 19.00, i bedehuset på Evanger. Her håpar me at alle våre "gamle" medlemer dukkar opp, klare til nye utfordringar. Me har også vidopen dør og opne armar dersom nokon andre har lyst til å vere med! Dersom du har lyst til å blåse støvet av gamal kunnskap, ta kontakt, så skaffar me instrument, og hjelper gjerne til med litt oppfrisking av hukommelsen!

5. september startar me dessutan opp aspirantopplæring for nye håpefulle rekruttar! Instruktør Jørn Styve er på plass i bedehuset klokka 18, for å ta imot ivrige små og litt større lærevillige.

Denne hausten legg me opp til to hovudkonsertar:
- deltaking i Hordaamatøren laurdag 20. oktober med Eirik Gjerdevik som dirigent.
- jolekonsert i Evanger kyrkje sundag 16. desember med Brynjulf Styve som dirigent.

Vel møtt til ny sesong!