Neste konsert:

Arrangementet er støtta av:

 

Siste nytt

  • Jolekonsert i Evanger Kyrkje
    Med jolesnøen lavande ned tona jola inn i Evanger kyrkje 4. sundag i advent, 20. desember. Kyrkja var ikkje langt ifrå fullsett, og publikum fekk som så mange gonger før høyra eit variert program. Det var trompettonar frå galleriet, etterfylgd av to jolesongar framført av dei ferske aspirantane i musikklaget. Song må det vera på ein slik konsert, og den stod Mari Bryn  og damekoret D'kor for. Bryn var òg solist med Evanger Musikklag mot slutten av konserten. Prost Arild Hellesøy heldt andakta, og drog paralellane frå vår eigen jolekonsert til den fyrste jolemusikken som vart framført av engleskarane. Og under trygg leiing av dirigent Brynjulf Styve kunne musikklag og kyrkjelyd avslutta konserten med Fager er Jordi. Så kunne jola koma til Vassvøre.

 

  • Evanger Musikklag er registrert i . Les meir om dette her.

  • Opning av Øvstedalsbrua, Bolstadøyri
    Onsdag 23. september skulle den nye brua i Øvstedalen offisielt opnast, med ordføraren tilstades og kaffi og kake til alle frammøtte. Evanger musikklag stod for det praktiske, og rigga opp telt som kunne halda dei store nedbørsmengdene i sjakk. Det kom vel med!! Nokre tonar vart òg framført til ære for den nye brua og bygdefolket som skal bruka den.

  • Sesongstart 2009, samarbeidsprosjekt
    Sesongen 2009 starta me med eit felles konsertprosjekt saman med Eikelandsfjorden Musikklag. Dei er akurat som oss, eit korps med stor spreiing i alder og erfaring, som dessutan slit med rekruttering og medlemstal. Dei to korpsa passa som hand i hanske, både sosialt og besetningsmessig. Deirans faste dirigent, Thor-Arne Pedersen, kom til Evanger og hadde øvingar med oss 4 gongar i september, i tillegg til den felles seminarhelga før konserten. Denne vart halden 2. oktober i Haukås Musikkhus, der me var invitert på Brasspub av Haukås Musikklag. Med på konserten var òg Bergen Tubakvartett, som held to små avdelingar med musikk arrangert for to euphonium og to tuba, alt gjennomført med stil og humør. Evanger/Eikelandsfjorden Musikklag fekk opna kvelden med eit program som var utfordrande for alle musikantane. Det var klassisk brassmusikk som "Malvern Suite" av Phillip Sparke, og norske tradisjonelle musikkstykke som "Bånsull og Rallarvise", og Bruremarsj frå Fosen. Solist i konsertprogrammet vårt var Jan Ove Mjånes og hans euphonium i sviska "Be my love". Etter konserten var det pub-quiz for dei som framleis haldt ut, og det var kjekt med ei sosial avslutning på eit flott prosjektsamarbeid. Konsertprogrammet vert dessutan gjenteke 18. oktober i Eikelandsfjorden Samfunnshus.

  • Musikklagstur til Sogn,
    Det er fleire år sidan sist Evanger Musikklag var på tur med buss og overnatting, men denne våren var me fast bestemte at tur måtte det bli. Laurdag 9. mai troppa små og store opp på parkeringsplassen i Gato, der vår eigen bussjåfør stod klar til innsats. Vegen gjekk nordover, mot Sogn. Fyrste stopp var Lærdal, med Villaksmuseum og den vakre Lærdalsøyri. Deretter bar det vidare til hovudmålet for turen - Vesterland. Hotellet med tilknytta hyttegrend husar ein diger hall fyllt med eit svært avansert klatrestativ, fleire ulike hoppeslott, ballbinge og fleire andre leiker for born frå 1-14 år. Utanfor var det kafè-område med gratis kaffi og aviser for foreldre som hadde sendt sine håpefulle inn i leikeland. Når ungane var varme og sveitte etter intens leik kunne ein berre gå ut døra og inn i symjebassenget. Med andre ord: her var det mykje morro!
    Sundag føremiddag gjekk turen til Flåm, der me hadde bestemt oss for å spela ein liten konsert. Ja, for kva er vel musikklagstur utan konsert? Slagverket var sjølvsagt med, saman med instrument og ......notestativ. Eller? Neidå, det viste seg at alle trudde nokon andre hadde ordna med desse, og plutseleg hang heile konserten i ein tynn tråd. Det kom nokre små regndråpar,  som ikkje gjorde saka betre. Men så er ikkje verda så stor - nokon av oss kjenner ei som spelar i korps i Flåm, og som tilfeldigvis var på jobb rett attmed der me skulle spela. Ho visste kven som hadde nøklar til øvingslokalet deira, og tilfeldigvis var han på vakt nede ved kaia, eit par hundre meter unna. Han hadde tilfeldigvis nøklane med seg, var tilfeldigvis ferdig med vakta 5 minuttar seinare, og me kunne få låna stativ. Akurat i det me hadde fått notestativ på plass kom sola, saman med ein buss glade japanarar! Dei stillte seg opp saman med oss i tur og orden for å verte fotograferte. Ikkje minst var dei lyshåra små jentene i fylgjet vårt populære og eksotiske for desse langvegsfarande turistane. Jentene sjølve syns det heile vart noko slitsamt i lengda :) Idèt den siste tonen frå laget forsvann mellom fjella starta det å regne att... Det var liksom meininga att me skulle spele konsert akurat der og då! (tusen takk til dei gode hjelparane i Flåm Musikklag som redda oss!)
    Etter vellukka konsert og middag på Furukroa var det ein roleg busstur heimatt til Evanger. Som seg hør og bør avslutta me med allsong på bussen, til ære for.... "Ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er ein mann med godt humør!".
    Takk for turen!

     

  • Konsert i Vangskyrkja med Karen Fadnes Brattebø.
    Fredag 27.mars arrangerte musikklaget konsert i Vangskyrkja. Me hadde fått Karen Fadnes Brattebø med som songsolist og ho hadde også si eiga vesle avdeling.
    Eirik Gjerdevik var kveldens dirigent og den jobben klarte han atter ein gong med glans.Programmet vart sett saman av norsk musikk.
    Det vart ei magisk stund i kyrkja denne kvelden, frå dei fyrste tonane til Børge på ”Vitae Lux” til den livlege ”Rallarvise” til slutt, som etter stor applaus måtte spelast ein gong til som ekstranummer.
    Jørn leia oss gjennom konserten, og sjølv om programmet var sett saman av mange rolege låtar og vuggeviser, klarte han likevel å vekkja opp publikum med artige refleksjonar.
    Karen hadde med seg nokre folketonar som vart nydeleg framført med hennar vare røyst. Spesielt kjekt var det, då ho var med musikklaget og song på ”Ved Nesland kyrkje”. Den krevde ein god del samøving, men jammen vart det ein av dei finaste låtane me framførte. Musikklaget fekk prøvd seg litt då me skulle etterlikne måten som Karen song på i ”Vestlandsslåttar” av Valter Aamodt, og ei lita gruppe på fem fekk spela ein suite av Grieg, og i ”Bånsull” fekk me endåtil syngja litt. Alt dette gjekk veldig fint og publikum visste å setja pris på det dei fekk høyra.
    Musikklaget fekk låna litt ekstra folk til denne konserten. Det vert med ein gong kjekkare for alle når rekkene vert fylt opp. Me kunne alle gå heim etter konserten og gle oss over at mykje jobbing heldigvis fører til eit bra resultat. Bilder frå konserten finn du i galleriet.

     

  • Den årlege marknaden
    Iløpet av eit år skal me innom ein del faste postar. Ein av dei er marknaden i Vassvøretun. Vanlegvis kjem denne i mars/april, men i år ville styret gjere ein vri. Marknaden vart flytta, og me inviterte med oss Voss Skulemusikklag til å halda ein konsert. Det gjorde dei med liv og lyst, og me fekk høyra smakebitar frå film-musikk prosjektet dei har hatt tidlegare, og frå konkurranseprogrammet dei skal spela på Hordablæsten i mars. Vanlege innslag i marknaden, som åresal, lykkehjul og fiskedam fekk sjølvsagt vere med, og som alltid hadde bedrifter og privatpersonar vore rause då musikklaget spurde om gevinstar til loddsal på bøkene.
    Musikklaget hadde sjølvsagt si eiga avdeling med konsert, og denne gongen hadde me for fyrste gong med oss dei 4 ferskaste aspirantane på heile programmet. Dei klarte seg svært godt i eit svingane program som innehaldt alt frå funk- til boyband-låtar. Det einaste minuset med dagen var at færre av vårt trufaste lokale publikum hadde funne vegen, men med dei vèr- og føreforhold som råda var det kanskje ikkje så rart?

  • Konsert på Knappkog Skule
    Sundag 26. oktober trassa me den heftige hauststormen Ulrik, og la turen til Sotra. Der var me invitert på før-Siddis konsert saman med Fjell Brass på Knappskog skule. På konserten deltok òg Midtre Sotra skulekorps og Lyshornet Brass.
    Etter ei intens seminarhelg 18. - 19. oktober og 3 vanlege øvingar med Eirik Gjerdevik som dirigent, hadde me klart eit program me var nøgd med. Å koma frå stor bedehusklang med god hjelp til den splitter nye gymsalen med lyddemping i alle veggar var eit stort sjokk. Ein følte seg mutters åleine i verda, og lurte på kvar resten av korpset var. Som korpsmusikant er ein jo vande med å leve i flokk... Likevel, det varierte konsertprogrammet vart gjennomført, med eit spenn frå renessansemusikk til den noko meir moderne filmmusikken The Rock. Og midt i programmet kom euphonium-perla Song for Ina, med solist Jan Ove Mjånes. Trass den litt sjokkarta lyd-opplevinga for laget var tilbakemeldingane frå publikum positive, og når dirigenten er nøgd er det berre å smile og ta imot applaus frå salen. Programmet med alle detaljar finn du i konsertloggen.

  • Utekonsert i Vangsgata
    Det årlege Smalahovesleppet på Voss gjekk av stabelen 26. - 28. september. Laurdag formiddag er det eit yrande folkeliv på Vangen, og som fleire år tidlegare hadde Evanger Musikklag konsert i Vangsgata. I år var scenen ein open lastebil, og for den som har spelt konsert på ein båt i lett sjøgang så var kjensla ikkje ulik. Likevel leverte musikklaget ein konsert me kan vere godt nøgde med, og me fekk god respons frå publikum. Som det høver seg ein slik konsert var det lettkjenneleg musikk som vart framført, i eit spenn frå bæ bæ lille lam til Michael Jacksons Beat it. Alt saman akkompagnert av ein smed litt ute av takt. Våre ferskaste aspirantar var solistar på Feit Geit, som er eit arrangement der barnesongane Bæ, bæ lille lam og Å, jeg vet en seter er sett saman, ispedd bassgroove og trommesett. Dei unge musikantane har berre spelt eit par månadar, men klarar seg veldig godt. Det fulle programmet finn du i konsertloggen, og bilder ligg i galleriet .

  • Seminarhelg
    12. og 14. september hadde me seminar med Christian Breistein. Vårt fyrste møte med den nye dirigenten vart litt amputert grunna fleire uheldige samantreff som førte til litt fråfall, men for dei som var på øving vart det ei kjekk og inspirerande helg. Programmet for den komande utekonserten vart setla, og no har me 3 øvingar att til å arbeide med stoffet. Aspirantane våre hadde Monica Vabø Reigstad til instruktør, og fekk m.a. øvd inn ein solo som skal framførast saman med musikklaget.

  • Ny sesong!
    Onsdag 20.august starta me opp igjen med friskt mot etter ein lang og god sommarferie. Nokre musikantar har vore på sommarskule, og henta med seg inspirasjon derfrå. I haust står ulike prosjekt på programmet, frå Smalahoveslepp til temakonsert. Til kvart prosjekt er det ny dirigent, så me ser fram mot ein kjekk og variert haust. Har du lyst til å friske oppatt gamle kunster og vere med, så er du hjarteleg velkomen på øving i Bedehuset onsdagar kl 18.45.

  • Evangerlaurdag 14.juni 2008
    For fyrste gong i Evangerlaurdagen si historie starta dagen med regn og ruskevèr. Møblar og tekstilar måtte dekkast med partytelt, men den grå starten til tross stod det ein liten kø med loppe-entusiastar utom sperringa når det nærma seg opningstid. Me hadde fått inn masse flotte lopper, og det var moglegheiter for fleire gode kupp.


    Musikklaget spela konsert i det store teltet som stod i gata, og hadde for fyrste gong med seg dei ferske aspirantane i laget. Dei gjorde ein flott debut! Programmet elles bestod av musikk tilpassa våre yngste medlemer, og var den reinaste slagerparade med m.a. Super Trouper, Pink Panter, It's Raining Men og tittelmelodien frå filmen Fame.
     

  • 17.mai 2008
    På tradisjonelt vis spelte musikklaget på Evanger, Brekkhus og Bolstad - litt bilete finn du i galleriet.
     

  • Vårslepp
    Onsdag 7. mai var det vårslepp for musikklaget - altså årets fyrste tur ut for å marsjera. Med berre to øvingar til 17.mai treng alle å friska opp både spelinga og ganglaget før årets hardaste dag. Og som alltid tek det litt tid å samordna armar, bein og instrument, medan ein skal rette inn både framover og sidelengs. Helst skal ein òg produsera musikk medan alt dette pågår, og det er ikkje berre lett.
    (Bileta er tekne med mobilkamera, så kvaliteten er ikkje 100%)


    Rådande kaos..


    ..litt turrtrening....


    ...og så eit visst system før oppstart.


    "Rævediltarane" hadde funne store blomsterengjer langs vegen. Dei gule blomane havna i fjeset, dei lilla i handa :)
     

  • Marknad i Vassvøretun 6. april -08
    Like sikkert som at våren kjem, er det at små og store musikantar vert sende ut i bygda med loddbok og kulepenn, før den årlege marknaden til Evanger Musikklag. Dei førebur konsertprogram, skaffar gevinstar, og bakar kaker. Og like sikkert er det at bygdefolket stiller opp og støttar laget.
    Sundag 6. april var dagen for marknad denne våren, og førebuingane har pågått i lang tid. Marknaden er det viktigaste einskild-arrangementet for lagsøkonomien, og krev stor innsats av alle medlemer. Men det er ikkje berre medlemene som bidreg til gjennomføringa – laget er òg avhengige av gode støttespelarar. Både bedrifter på Evanger og Voss, og einskild personar bidreg med flotte gevinstar til utloddinga – i år var det heile 76 moglegheiter til å vinna på bøkene med gjennomgangslodd!
    Musikklaget ynskjer òg å gje noko attende til folk, og ein sjølvsagt del av marknaden er laget sine musikalske innslag. I år vart det gjort ein vri på det musikalske opplegget, : Oftast høyrer ein jo laget samla, kanskje med enkle solistinnslag. Denne gongen fekk me høyre fleire solistar, små ensemble, og eit større ensemble til slutt. Dei yngste musikantane fekk visa seg fram på scena, utan å kunne gøyme seg bak andre. Det var dei og ein CD-spelar med akkompagnement som skulle trollbinde publikum – og det klarte dei! Vårt yngste medlem, knappe 8 år, stod for opninga. Uredd gjekk han åleine fram på scena – utan notar – og spela ”Cherio” så flott at salen jubla!  -Eg vart heilt svett, svarte han etterpå på spørsmål om det var skummelt å stå der. Sidan kom det grupper på to og tre unge håpefulle, med flotte musikalske bidrag som YMCA og Cherio ein gong til. 3 av dei 4 ferske aspirantane avrunda denne avdelinga. Berre 4 veker med opplæring har dei fått, før dei etter eige ynskje debuterte på konsert – det er sterkt!

    Fleire rundar med åresal høyrer med på ein skikkeleg marknad, så også i år. Her er premiane litt meir kvardagslege ting – m.a.  kaffi for dei vaksne, og fargeblyantar for borna. Fiskedam og lukkehjul er populære aktivitetar for dei minste, medan pilkast nok eigna seg best for dei litt eldre.
    Før trekking av bøkene var det den eldste gruppa musikantar som gav sitt bidrag. Også dei med ei litt anna form denne gongen. Istadenfor vanleg korpsmusikk var det brass-ensemblemusikk som stod på programmet. På mange måtar er dette hakket meir krevjande for den enkelte – alle med kvar si stemme som er heilt nødvendig for å gjera ein velklingande heilskap. Der ein i korpsmusikken kan finna støtte i andre, står ein her for seg sjølv. Ensemblet framførte m.a. Brass Joker, Londonderry Air og jazzlåta Two sleepy people for publikum.

    Og når den store salen i Vassvøretun var fylt til randa av folk, då kunne me berre fastslå at også årets marknad vart eit godt arrangement.

     

  • Nye aspirantar!

    Den driftige opplæringsavdelinga i musikklaget har i desse dagar starta aspirantopplæring for 4 unge håpefulle. Me gler oss til å sjå utviklinga!
     

  • Konsert i Vassvøretun sundag 17. februar -08

    Det er sundag, einaste teikn på vinter er klink is rundt Vassvøretun, og EML har invitert Voss Skulemusikklag til konsert. Tross det dårlege føret var storsalen i Vassvøretun stappfull av folk, til stor glede for alle musikantar.
    Voss Skulemusikklag opna ballet, og gav oss ei flott avdeling. Dei hadde med seg noko vassvøringar ikkje så ofte ser - 5 flotte drilljenter! Meir kjend var Gammel Jegermarsj, og for enkelte aldersgrupper musikken frå Pirates of the Carribbean. Kven skulle tru at skulemusikken  ikkje stillte med fullt mannskap?
    Neste avdeling stod vår eiga juniorgruppe for - Ei gruppe som stadig imponerer med framgangen sin. Under leiing av Jørn Styve framførte dei 3 låtar med futt og fart; Daisy, Funiculi Funicula, og den velkjende Forelska i lærer'n.
    Etter litt vått og turt gjekk heile musikklaget på scena. Me hadde med oss nokre dugande vikarar, og gleda oss til å framføra programmet vårt, hovedsakleg basert på musikk av gruppa Queen. Første låt i programmet tilhøyrde ikkje dei, men ei anna stor gruppe: ABBA. Juniorane var med på Super Trouper før dei tok seg ein liten pause. Så braka det laus med Queen-låtar på rekkje og rad. Dei fleste arrangert av Svein Henrik Giske, og dei fleste ikkje utgjeve på noko forlag (endå). Procession gjekk rett over i den tøffe Another one bites the dust. Ein lettare og lystigare låt fann me i Bring back that Leroy Brown, medan Love of my life, med trombonesolist Hilde Vethe Styve, gav oss vakre melodilinjer. Den einaste Queen-låta som ikkje var bearbeidd av Giske var storslagne Bohemian Rhapsody, arrangert av  Darrol Barry. Musikklaget framsto i ny drakt med We will rock you. Her er det taktfaste tramp og klapp, samt munnrappe tekstlinjer som gjeld. Alle song var med på refrenga, og berre dei siste taktane tok delar av korpset fram instrumenta for å avslutte låta, og bringe den rett vidare i klassikaren We are the champions. Og sant å sei følte me oss kanskje litt slik når programmet var avslutta; Responsen frå publikum var god, og me hadde gjennomført eit kjekt program på ein god måte.
    Bilder frå konserten finn du i galleriet.

 

  • Jolekonsert i Evanger Kyrkje sundag 16. desember -07
     

    Omlag 140 menneske var tilstades i Evanger Kyrkje under den tradisjonelle jolekonserten. Evanger Musikklag held regien, og hadde med seg Kordial frå Dale, og Laine DeWolfe frå Voss som gjester. Frode Vik er fast medverkande på orgelkrakken, og andakta vart helde av prost Knut A. Knudsen.

    Juniorgruppa i musikklaget er i gledeleg framgang, og etter orgeltonar som preludium starta dei saman med dei vaksne vår avdeling av konserten med Kling no klokka og Noell. Heilt åleine framførte dei Glade Jol, og Sonja sin song frå "Reisen til julestjernen". På den siste var det 3 modige jenter som song første vers i mikrofon, og me fekk høyre fleire av dei unge musikantane som instrumentalsolistar inni songen.

    Me har fleire gonger forsøkt å få med oss Kordial frå Dale på jolekonserten, men av ulike årsaker har det ikkje passa slik før i år. Dei hadde eit variert program med jolesongar frå inn- og utland, og hadde flotte solistar frå eigne rekkjer. I tillegg hadde dirigent Tone Synnøve Ø. Steinkopf teke med seg både fløytesolist og pianist med same etternavn.

    Før preika spela EML si første avdeling utan dei yngste i laget. I denne avdelinga hadde me to solistinnslag - "My ain folk" er ein irsk melodi arrangert for flygelhornsolist, og vart framført av Åslaug Styve Mjånes. Den norske folketonen "I himmelen", arrangert av Svein H. Giske etter Knut Buen sin versjon, vart nydeleg framført av euphonium-solist Jan Ove Mjånes.

    Eit høgdepunkt for mange vart nok Laine DeWolfe sin song, med eige pianospel - og som solist med EML. Norskskrivne "You raise me up" (Løvland/Secret Garden) har vorte verdskjend med store namn som Josh Groban og Westlife, men kven treng reise ut i den store verda når ein kan få ei slik fantastisk framføring her i vårt eige lokalmiljø!
    Musikklaget si siste avdeling vart innleia med "Gammel Julesalme" - Valter Aamodt sitt vakre arrangement av den tradisjonelle Mitt hjerte alltid vanker.  Før den like tradisjonelle parafrasen over Fager er jordi framførte me Goff Richards "Hymns of Praise" - eit stykke fyllt av kjende hymnar i ny og frisk utgåve. Me hadde diverre ikkje eigen fotograf på konserten, men Avisa Hordaland var der, og skreiv dette (for å lesa må du ha Acrobat Reader).


     

  • 80 års festkonsert i Vassvøretun, 12. oktober 2007

    Etter ein litt trang start denne hausten var det tid for fyrste konsert. Den vart i Vassvøretun på Evanger, og markerte at Evanger Musikklag vart skipa for 80 år sidan (skipingsdato 11. november 1927). Med oss på laget hadde me fått Maya Mykkeltvedt Abbedissen som konferansier. Ho losa oss og eit gledeleg stort publikum med gode historier og ablegøyer trygt gjennom programmet. Juniorgruppa, støtta av instruktørane, opna konserten med 3 eigne nummer. Born og vaksne saman framførte mellom anna kjenningsmelodien frå filmen "Fame", og ein korpsversjon av Mustang Sally. Det svinga i dansefoten til tonane frå laget, leia av Jørn Styve. Etter litt kaffi og kaker hadde dei vaksne i laget si eiga avdeling, med m.a. kornettsoloen "Zelda". Børge Styve var solist på kornett. Som det høver seg ein korps-jubilant avslutta musikklaget med Valdres Marsj. Bilete frå konserten finn du i galleriet.
     

  • Evangerlaurdag, 16. juni 2007

    Årets Evangerlaurdag opprann med strålande sommarvèr og mykje publikum, både lokale og tilreisande. Musikklaget hadde loppemarknad i kjellaren  hjå Styve Møbelsnikkeri, og kan seiast å vere ein suksess. Mange gode kjøp og sal vart gjort, og musikklaget kunne telja opp eit fint og tiltrengt overskot til lagskassa, etter flott innsats frå medlemene!
    Med Evangerlaurdag fylgjer òg ein utekonsert i Gato på Evanger. I år kunne den spreke aspirantgruppa vår opna konserten med to svingande låtar, Stevie Wonder's I wish, og ein oppjazza versjon av 3 små fisk. Begge sjølvsagt framført utan notar! Det var ein kul gjeng som fenga publikum - alle iført solbriller og caps.
    Vaksne og barn saman framførte òg to låtar. Me tok med oss ein av marsjane frå 17. mai - Sol og vår, og hadde dessutan øvd inn Bruremasj av Jan Magne Førde.
    Til slutt hadde dei vaksne, 11 i talet, ei avdeling åleine. Med så slunken besetning valde me denne gongen å framføre låtar skrivne for tenpiece-besetning. Det blei mykje kattemusikk, først med suiten Three Brass Cats, og deretter Another Cat - Kraken. Begge skrivne av Chris Hazell. Bilder frå dagen finn du i galleriet.
    Dette avslutta dermed konsertsesongen 2006/2007, og med grillfest onsdag 20. juni tek me ein velfortent sommarferie. Medlemer og publikum er velkomne til haustsesongen 2007, der me på ulike måtar skal feira 80 år. God sommar!
     

  • 17. mai - Puh!

    Som vanleg starta dagen med speling på Evanger Aldersheim kl. 9. Dei tradisjonelle nasjonale songane, ispedd litt rødt, kvitt og blått liva opp dagen for dei eldre. Turen fortsatte til Brekkhus, der det venta folketog klokka 10. Med pølse og brus i handa rasa laget vidare til folketoget på Bolstad. Eit lite pit-stop på Evanger sytte for mat i kroppen, og krefter til å fortsette dagens lange marsj.Vel tilbake på Evanger var det tid for den årvisse kransinga av Knute Nelson-bautaen. Òg i år vart bygda sin store son heidra med ord, tonar og blomekrans. Etter 5 saluttar (!) gjekk folketoget Gato - aldersheimen - Gato til høge hurra-rop frå barnehage-jenter, og etterkvart slitne tonar frå musikklaget. Med 7 vaksne, og 6 knalltøffe aspirantar (som var med heile dagen!) vart det 17. mai på Evanger og nabogrendene i år òg. Bilder i galleriet.

     

  • Marknad i Vassvøretun, sundag 22. april -07

    Årets økonomiske høgdepunkt kan kanskje ikkje seiast å vere det musikalske høgdepunktet, men ein liten konsert vart det då. Musikklaget hadde eit lett program med gamle kjenningar som All I ask of you, Tijuana Tuba og Superman. Meir imponerande var då dei 10 aspirantane sitt program. Dei har eit eige ensemble no, saman med instruktørane sine, under leiing av Jan Ove Mjånes. Og det er tydeleg at me har mykje å gle oss til når desse for alvor kjem inn i musikklaget! Eit flott gjennomført program ga lovnader om mange flotte musikantar i vente. Som avslutning på konserten var dessutan aspirantane solistar på pusseklossar under den gamle slageren Sandpaper Ballet.
     

  • Sparebank-konserten 2007, sundag 25. mars i Vossasalen

    På Voss Sparebank sin årlege konsert og gåveutdeling fekk musikklaget æra av å avslutte. Me gjorde så godt me kunne, etter å ha motteke ei gåve på heile 20 000 kroner, og kunne sei oss fornøyd med ein vel gjennomført avdeling. Denne gongen henta me fram musikk frå eldre tider, med Concert Prelude og Berceuse, i tillegg til trombone-låta I will follow him.

     

  • Korpskonsert i Vassvøretun, sundag 18. februar -07

Denne sundagen hadde me fått med våre gode grannar frå Voss Musikklag til konsert i Vassvøretun.

Evanger opna "ballet" med Pastime with good company, som stamma heilt ifrå Henrik den 8. si tid. Med ståande trommisar framme, og ståande solistar i starten vart det ei stilfull opning. På den amerikanske fjellsongen Shenandoah var Jan Ove Mjånes euphonium-solist, akkompagnert av kun grov-messing +flygelhorn. Ei vakker sviske, i eit litt spesiellt arrangement. Fanitullen tok oss frå amerikansk fjell til norsk fjord med eit brak. Å kappspele med fanden sjølv er inga enkel oppgåve, og kven som vann er vel framleis uklart. Neste stoppestad var kolgruvene i England, der brassband-historien har sin opprinnelse. Gresford - the miner's hymn er ei perle for kvintett og brassband, bygd over ein hymnetone. Til avslutning i første avdeling fekk trombonegruppa i laget tre inn i rollen som nonner og negresser. I will follow  him, i versjon frå filmen "Sister Act" med Whoopi Goldberg gav ein svingande slutt før sceneskiftet.

 

Voss Musikklag leverte eit variert og godt program i flott stil, og sette eit verdig punktum med kraftfull framføring av ein russisk militærmarsj.

 

Evanger Musikklag si andre avdeling var i si heilheit via Call of the Cossacks. Eit stykke på 5 satsar, med titlane Procession of the Tartars, Gypsy Dream, Cossack Fire Dance, Doyle's Lament og Cossack Wedding Dance. Som navna fortel er det store kontrastar i uttrykket, og solistar og korps fekk verkeleg visa kva dei var gode for gjennom dei ulike stemningane. Sjeldan har stemninga stått slik i taket på korpskonsert i Vassvøre som etter dette stykket! Med Eirik Gjerdevik som dirigent og klovn måtte musikklaget endå til spele siste sats som ekstranummer...

(Bilder finn du i galleriet, og nokre lydklipp finn du her.)

  • Jolekonsert i Evanger Kyrkje, sundag 17. desember -06
     

    Heile 230 personar hadde denne sundags ettermiddagen i førjolstida funne vegen til Evanger Kyrkje. Der sat Evanger Musikklag klar med eit variert program, og varierte gjester. Frode Vik bidrog som alltid med vakkert orgelspel i preludiet, før musikklaget sjølv overtok takt og tone. I første avdeling framførte me mellom anna variasjons-soloen "Variants on an English Hymn Tune", som byggjer på salmetonen Heilag, heilag, heilag. Og som avisa "Hordaland" skreiv, var Jan Ove Mjånes ein glitrande euphonium-solist! Me fekk òg med oss

    Åshild Bøe Kharazmi som songsolist på "Mitt hjerte er ditt", som vart gjort kjend av Frelsesarmeens Teritoriale Hornorkester og Hilde Heltberg sist jol. Etter musikklaget si første avdeling var det "Jolesongarane" sin tur.  Åshild Bøe Kharazmi og Åse-Torill Lillevik hadde fått med seg døtrene Johanne og Sara, med Lars Kåre Hustoft som akkompagnatør. Og dei to minste jentene tok verkeleg sjarmøretappen på konserten! Med klokkeklare røyster framførte dei "Gammel Mariavise", og smelta ei kvar småstressa førjolssjel. Òg dei vaksne jentene hadde med seg jolestemninga, i "Betlehems Stjärna" og "Maria fikk et guttebarn".

    Kapellan Andreas Vassal held andakt, før Guro Havro Bjørnstad overtok med vakkert fløytespel. Med si framføring av "Vårlåter" vart det ein flott variasjon i konserten. Klasse 2M ved musikklina på Voss Gymnas stillte med eigen dirigent når dei framførte Barn Jesus, før heile gymnaskoret var med. Her var Grethe Hovland dirigent, og me fekk høyre to velkjende julesongar i ei ny og spanande drakt. Sidan kunne Evanger Musikklag og dirigent Brynjulf Styve avslutta ein flott jolekonsert med si 2. avdeling. Og jola kjem verkeleg når "Fager er jordi" vert sunge av så mange menneske, til tonane frå Evanger Musikklag.
     

  • Konsert i Vangskyrkja med Gisle Børge Styve Trio fredag 3. november -06

    For 130 tilhøyrande framførte Evanger Musikklag eit program samansett av jazz, negro spirituals, ispedd moderne utgåver av klassisk kyrkjemusikk og norske folketonar. Me kan sei oss godt nøgde med ein flott konsert, og denne gongen fekk me til og med lydopptak av programmet.

    Gisle Børge Styve Trio hadde sin eigen avdeling i programmet, og trioen leverte verkeleg! I tillegg til Gisle Børge Styve på vokal og piano, fekk me høyre Per Willy Aaserud på trompet og koring, mens Helge Harstad spela elbass og kora. Aaserud og Styve drog dessutan melodikaen fram i lyset. Det er ein fryd å sjå korleis dei tre leikar med musikken, og smittar publikum med si speleglede. Me fekk høyre fleire låtar som er utgjevne på CD'en Styves ark (2002) i konsertversjon, og me fekk ta høyre melodika-spel slik ein knapt har høyrt det før.

    Konserten vart avslutta med ein liten avdeling med felles låtar - God Bless the Child, der trompetar Per Willy Aaserud ga oss ein nydeleg instrumentalversjon, og deretter Paper Moon og A Child is Born, med Gisle Børge Styve på vokal og piano. Ekstranummeret, den vakre "Hymn to Freedom" av Oscar Peterson fekk trampeklapp frå publikum, som me håpar fekk med seg ei flott konsertoppleving i Vangskyrkja. Bilete frå konserten finn du i galleriet.

 

 

  • Smalahoveslepp, 30. september 06

    Så var det tid for det årlege Smalahovesleppet i vossabygda. Og i år som ifjor stillte musikklaget opp med utekonsert i Voss sentrum. I år var me til og med ein del av den "ofisielle" underhaldninga, som var annonsert i programmet og føregjekk på scena i Vangsgata. Sindre Dalhaug har ved fleire anledningar dirigert og instruert musikklaget i konsertprosjekt der programmet dreier mot storbandmusikk - så også denne gongen. Me hadde eit variert, publikumsvenleg program, med noko å bryna seg på for dei fleste. Og dei 7 aspirantane våre var med - nokre for aller første gong. Til tross for svært dårlege varsel haldt vèret seg fint på føremiddagen, og me fekk til og med gløtt av sol under konserten. Men så snart dirigenten slo av siste tonen, fall den første regndråpen. Perfekt timing, med andre ord! Bilder finn du sjølvsagt i galleriet.

 

  • Seminar i Kinsarvik, 15. - 17. september -06

Me hadde ei flott øvingshelg på Hardangertun, med våre to innleigde instruktørar: Einar Gjelsvik og Thor-Arne Pedersen. Fredag kveld var det fellesøving med Gjelsvik for musikklag og 7 aspirantar. Me brukte tida på flexi-arrangement, tilrettelagt for unge musikantar i fokus. Noko av dette stoffet skal me ha med på utekonserten 30. september.

Laurdag var også Pedersen på plass, og me hadde delt øvingsøkt, der aspirantane fortsatte med Einar Gjelsvik. Dei øvde inn eit flott program med tøff musikk, litt dansing, og endåtil solospel frå dei unge musikantane. Dei vaksne vart invitert på kjempefin minikonsert på slutten av dagen.

Musikklaget har ulike prosjekt denne sesongen, og skal for fyrste gong vera med i NM for Brass Band i februar -07, så hovudmålet for helga var å få prøvd forskjellig musikk, og sjølvsagt få tips og instruksjonar som kan hjelpa oss til å bli eit betre korps. Desverre mangla me eindel medlemer heile eller delar av helga, så utbyttet av seminaret kunne nok vore endå større.

Laurdag kveld fekk me med oss underhaldninga til Sandnes Skulemusikk frå Masfjorden, som òg hadde øvingshelg i Kinsarvik. Deretter var det sosialt samvere for små og store, med spørreleikar og anna morro. Og mens musikklaget fortsatte øvinga søndag, fekk dei yngste boltra seg i ferieparken, før me vende nasen heimatt etter ei vellukka helg i Kinsarvik.  Bilete ligg i Galleriet.

  • Sesongstart, 23. august -06

Så er me igang med ny sesong, med øving i bedehuset på Evanger. Oppmøtet var relativt bra, men me har alltid plass til nye medlemer!

  • Utekonsert i høve Evangerlaurdag, 10. juni 2006

Konserten vart avvikla i Gato på Evanger i strålande sommarver. Dette førte mykje folk med seg, og eit inspirert musikklag kunne framføra lett sommarmusikk for dei besøkjande.