Litt om oss
|
Laget har idag ca 20 medlemmer. Me er eit generasjonskorps, med medlemer frå 7 - 60 år. Hovudkjerna er frå Evanger, men me har òg folk frå grendene Bolstad og Brekkhus, samt nokon som kjem frå Voss. Dei siste åra har musikklaget hatt øving onsdagar i bedehuset på Evanger. Juniorane startar kl 18, og held på til 19.30. Den siste halvtimen er dei vaksne òg med, og ca frå 19.30 - ca 21.30 er det berre dei vaksne som sitt att. Med ei fungerande kaffiliste vert det både vått og turt i pausen. Me har i hovudsak 3-4 konsertar pr sesong, der me forsøkjer å variera konsertstad så mykje som mogleg for òg å visa oss fram utanfor bygda.
|