Dirigentane våre

Brynjulf Styve
Han var mellom dei som som vart med då musikklaget starta opp med den såkalla Guttemusikken i 1958. Som 9-åring fekk han nødvendig noteopplæring og utlevert ein ess-kornett. Ikkje det lettaste instrumentet å starta med, og det kosta både blod og tårer å få lyd, men med den vilje og energi som han har var dette starten på eit hittil variert og innhaldsrikt musikkliv.

Han var tidleg ein dyktig musikar og på midten av 70-talet tok han eit dirigentkurs, og i 1982 tok han over den musikalske leiinga i laget.
Han har dermed leia laget i nærare 30år !!

Brynjulf har hatt ei eineståande evne til å fornya seg og stilt utøvarane framfor nye oppgåver. Laget består i dag av ei mengd gode musikarar som kan takka han for den uvurderlege innsatsen han har gjort for musikklivet i bygda.

Dei siste åra har han vorte avlasta ved hjelp av ulike prosjektdirigentar og ”nye” dirigentar frå laget sine eigne rekkjer. Og endeleg får Brynjulf ”lov til” å spela trombone, som det har vorte altfor lite av gjennom dirigentåra.


Prosjektdirigentane til no har vore :

Svein Henrik Giske
Christian Breistein
Eirik Gjerdevik
Sindre Dalhaug
Liv Solveig Olafson

Thor-Arne Pedersen
Einar Gjelsvik