Historie

(Opplysningar henta  frå jubileumskriftet for EML i 2002 )

 Skipingsåret til EML var 1927. Det var Anders Rongen som kom med framlegg om å prøva å få til eit musikklag. Rongen var då organist i Evangerkyrkja og på Bolstadøyri, og dei musikalske kunnskapane hans var truleg sjølvlært.
Men, for å skipa eit musikklag trong ein pengar. Det vart helde marknadar med gode inntekter - no kunne det handlast instrument og Rongen sette i gang med notekurs. Skipingsdatoen er sett til 11. november 1927
I mars 1928, etter å ha øvd i 3-4 månader debuterte Evanger Musikklag på ein marknad i ungdomshuset.
 17.mai 1930 mønstra laget opp med kvite musikkhuer og laget telte femten medlemar. Etterkvart vart det også kjøpt inn litt nye instrument, deriblant tre klarinettar.
 Den gamle årsmeldingsboka til musikklaget viser at den siste årsmeldinga er for året 1935. Det mest trulege er at musikklaget var aktivt fram til krigen då alt organisert lagsarbeid for det meste stoppa opp, men at det i denne tida var so som so med å bokføra hendingane.
 I 1947 kom interessa for å ta oppatt laget, og dei gamle instrumenta vart teke fram att. Bjarne Botten var komen til bygda og hadde interesse av å få i gang att laget. Han vart dirigent og notelærar. Økonomien var som vanleg skral, men det vart sett i gang listeinnsamling som gav godt resultat. I tillegg fekk dei støtte hjå heradsstyre.
 I 1953 vart det kjøpt inn nye uniformer som vart vist fram på Hordaland Musikklag sitt stemne i Øystese i 1954.
 I åra etter krigen hadde det stadig vore ei viss rekruttering av medlemer til laget. Desse fekk nødvendig opplæring av Bjarne Botten. I 1958 vart det organisert eit gutemusikklag, som Bjarne Botten stod for. Dei to laga arbeidde kvar for seg fram til 1961 då gutemusikklaget gjekk inn i musikklaget.
 I 1964 byrja BKK med utbyggingar i bygda, og det kom ein del tilflyttarar og dermed nye medlemer til laget. Dei gamle uniformane måtte bytast ut og det vart kjøpt inn nye som var meir moderne i snittet i 1969.
 I 1971 starta ein ny epoke i musikklivet på Evanger. Då vart det starta skulemusikklag. Igjen tok Bjarne Botten på seg opplæringa og vart ny leiar for det nye korpset.
Knut G. Vethe tok over dirigentjobben i musikklaget. No fylgde gode og aktive år.
 Skulemusikklaget eksisterte i ti år, men så vart det nedgangstider med mindre barnekull og mindre anleggsdrift på Evanger. Dei to laga slo seg saman til eit generasjonskorps, ei lukkeleg løysing for begge partar.
 Frå hausten 1982 tok Brynjulf Styve over den musikalske leiinga i laget, og han har halde ut til den dag i dag.