Litt om oss

Laget har idag ca 20 medlemmer.  Me er eit generasjonskorps, med medlemer frå 7 - 70 år. Hovudkjerna er frå Evanger, men me har òg folk frå grendene Bolstad og Brekkhus, samt nokon som kjem frå Voss.
Dei siste åra har musikklaget hatt øving onsdagar i bedehuset på Evanger, frå 19.00 - ca 21.00. Med ei fungerande kaffiliste vert det både vått og turt i pausen, og høve til litt sosialt samvere.
Me har i hovudsak 3-4 konsertar pr sesong, der me forsøkjer å variera konsertstad så mykje som mogleg for òg å visa oss fram utanfor bygda.
Har du lyst til å vere med oss, ta kontakt med leiar (kontaktinfo på eiga side). Det er mogleg å låna instrument av laget om du ikkje har eige, og treng du litt oppfrisking i gamle kunstar har me nokon som kan hjelpa deg med det.

Velkomen!